|
|||||
|
KHiB nytt Kunsthøgskolen i Bergen Bachelorutstillinga i kunst og design finn stad 19.-23. mai 2010[12/05/2010 14:55] Bachelorutstillinga i kunst og design finn stad 19.-23. mai 2010 Nær 60 studentar viser fram eksamensarbeida sine på årets bachelorutstilling ved KHiB. Utstillinga fra Avd. for design og Avd. for spesialisert kunst er open i perioden 19.-23. KHiBnytt Kunsthøgskolen i Bergen, nr. 29, 12. mai 2010 Aktuelt
Les meir: KHiB > Avgangsutstillingar Bergen International Wood Festival 2010 startar 30. mai Annakvart år inviterer kunsthøgskulen og Bergen Arkitekt Skole designere, arkitektar, kunstnarar, tømrarar og andre i inn- og utland til å eksperimentere med ulike trekonstruksjonar. I løpet av fem dager utviklar dei ulike laga byggeprosjekta sine, alle med stor bredde og variasjon i uttrykket. I år finn festivalen stad i perioden 30. mai - 3. juni på Bergenhus festning i Bergen sentrum. Ansvarleg er professor Petter Bergerud ved Avd. for design. Les meir: KHiB > KU/FoU > Bergen International Wood Festival Ketil Schreiner Evjen er tilsett som ny direktør Ketil Schreiner Evjen er tilsett som ny administrerande direktør i seksårig åremål frå 1. mai 2010. - Vi tror han vil vere ein inspirerande leiar, og bidra med nye løysingar ut i frå eit godt strategisk blikk, seier styreleiar Nina Malterud. Evjen har solid erfaring frå offentleg sektor og relevant leiarerfaring som toppleiar i ein statleg institusjon. Han er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen, og har vore ved Bergen fengsel i 19 år, dei ti siste åra som direktør. Les meir: KHiB > Nyhende Utstillingar og prosjekt Kari Dyrdal viser digital vev på Hå gamle prestegard på Jæren KHiB-professor Kari Dyrdal ved fagområde tekstil viser nye tekstilarbeid vovne på jacquardvev på denne separatutstillinga. Arbeida kretsar rundt verkelegheit og illusjon, realitet og abstraksjon og er ein del av forskingsprosjektet "Jacquard fortellinger". Utstillinga står til 6. juni 2010. Les meir: KHiB > Nyheter Bjørn Inge Follevaag kuraterer utstillinga "Never Equal Distance to the Moon - del 2" Les mer: KHiB > Nyhende KHiB-studentar med utstillinga ”Far Out Oddity” på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus Seks studentar på tekstilstudiet ved KHiB deltar på sommarutstillinga ”Far Out Oddity” på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus i perioden 28. mai - 12. september 2010. Utstillinga handlar om å skape ei anna vinkling på kvardagen, historia og samtida, og om å legge til rette for undring og engasjement. Les meir: KHiB > Nyheter Galleri Fisk: drive av studentar ved KHiB - Dillan Marsh: 21.–23. mai Opning fredag kl. 19. Opningstid: kl. 12-16 laurdag/sundag, Kong Oscars gate 46, Bergen. Prisar, innkjøp og utsmykking Kari Dyrdal fekk sølv på The 13th International Triennale of Tapestry, Lodz 2010, Polen KHiB-professor Kari Dyrdal vann sølv med arbeidet ”Lingo”, og tidligare student Anne-Gry Løland vann gull med arbeidet "Monuments" på The 13th International Triennale of Tapestry, Lodz 2010, Polen, som står til 31. oktober 2010. Prisdryss over designstudentar på Visuelt i Oslo 7. mai To gull og fleire nominasjonar tilkom designstudentar frå KHiB under Visueltkonkurransen, delt ut på ei mottaking i Oslo 7. mai 2010. Åge Peterson vann gull i klassen illustrasjon/studentarbeid med bachelorprosjektet sitt, og Kristian Pedersen vann gull i klassen moving image/studentarbeid. Visueltkonkurransen er ein årleg hylling til faget og har som mål å presentere og premiere det ypparste innan visuell kommunikasjon. Les meir: KHiB > Nyheter Sju KHiB-studentar mottok stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond Tidlegare student Åshild Kanstad Johnsen gir ut barnebok på Gyldendal Åshild Kanstad Johnsen har skrive og illustrert boka "Kubbe lager museum" som Gyldendal nettopp lanserte. Boka skal òg gis ut av det franske forlaget Editions Rue du Monde i 2011 under fana ”Verdens beste billedbøker”. Åshild gjekk ut frå masterstudiet i design med spesialisering i visuell kommunikasjon ved KHiB i 2008. Les meir: KHiB > Nyhende Folk Cecilia Gelin tiltrer som ny dekan ved Avd. kunstakademiet Ledig stilling som førsteamanuensis / høgskolelektor (50%) i fagdidaktikk innan kunst og design Opne seminar, forelesingar og konferansar The Colors of the Fjords: femdagars workshop i Hardanger Fantastiske Ulvik og kulturlandskapet ved Hardangerfjorden er bakteppet for denne femdagars workshopen der deltakarane skal arbeide med korleis menneskeskapte konstruksjonar og byggverk påverkar naturen. Både kunstnarar og designarar er inviterte til å delta 21. – 25. juni i Ulvik. Prosjektet er initiert av Avd. for design. Søknadsfrist: 15. mai Les mer: KHiB > Forelesninger og presentasjoner KHiB og Galleri S12 tilbyr sommerkurs med ulike teknikker i glass Kunsthøgskolen har innledet et samarbeid med Galleri S12 i Bergen om en serie sommerkurs med ulike teknikker i glass. Galleriet har utviklet et bredt og spennende kurstilbud for fagspesialister og nybegynnere. Tilbudet fungerer som en sommerskole, med en relativt tett kursplan i hele juni 2010. Kursene støttes dessuten av Norske Kunsthåndverkere og Bergen kommune. Les meir: KHiB > Etterutdanning Studieinformasjon Fleire søkjer seg til KHiB Publikasjonar Masterkatalogane i kunst og design Katalogane kan tingast vederlagsfritt på 55 58 73 00 eller khib@khib.no. Dette er KHiB Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB) er ein av dei to kunsthøgskulane i landet og har om lag 300 studentar og 100 tilsette fordelt på 70 årsverk. KHiB tilbyr treårig bachelorstudium og toårige masterstudium i tillegg til etterutdanning innan kunst og design. KHiB har stipendiatar i det nasjonale Stipendprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid (på linje med doktorgradsprogramma). KHiB er organisert i tre avdelingar: Avd. for design (møbel- og romdesign/interiørarkitektur og visuell kommunikasjon), Avd. kunstakademiet, og Avd. for spesialisert kunst (fotografi, grafikk, keramikk og tekstil, samt deltidsstudiet Skapande kuratorpraksis). Hausten 2009 starta KHiB opp eit nytt eittårig studium i Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Dette er KHiBnytt Dette er nyhendebrevet til Kunsthøgskolen i Bergen, KHiBnytt. Nyhendebrevet går til kunst-, design- og kulturorganisasjonar i Noreg og Norden, høgskular og universitet, departement og myndigheiter, media, samt privatpersonar. Nyhendebrevet er elektronisk og kjem ut med ujamne mellomrom. Det vert òg publisert på heimesidene til KHiB. Vi set pris på tilbakemeldingar! Abonnementet er gratis. Ynskjer du ikkje å abonnere eller er det andre i organisasjonen din som bør få KHiBnytt, ver venleg og send ein e-post til ak@khib.no. Redaktør: Astri Kamsvåg.
No virus found in this incoming message. Checked by AVG - www.avg.com Version: 9.0.819 / Virus Database: 271.1.1/2868 - Release Date: 05/11/10 21:40:00 |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||